Vassboring

Gamle brønner som ikkje gjev nok vatn er eit vanlig problem med dagens livsstil, samtidig med at eldre brønner ofte vert forurensa av overflatevatn mm. Boring etter grunnvatn løyser disse problema.

Det er i dag to hovudmåtar å finne vatn på med brønnboring:

Brønnboring FJELLBRØNN
Det borast ned stålrør i lausmassa til ein kjem på fjell, stålrøret borar ein ned ca 1 meter i fjellet. Deretter borar ein til ein treffer på vatnførande sprekkar i fjellet.
Borehullet og sprekkene i fjellet er vannmagasinet ein har i brønnen. Dette fyllast med vatn som sig ned frå overflata og til grunnvatnet. Gjev brønnen for lite vatn, kan ein trykke/sprenge brønnen for å utvide desse sprekkane/årene i fjellet.

LAUSSMASSEBRØNN
Dei største vassmengdene finn ein i lausmasser. Boring etter vatn i lausmasser skjer oftast i nærleik av vassdrag og små elvar, der det er grov grus, sand og stein.
Ein kan og finne vatn i finare masser men det krever då ei anna type filter. Dette gjev ofte mykje og godt vatn.

TRYKKING
Dette vert ofte kalla hydraulisk sprengning. Det gjer ein ved å tette borehullet med ein mansjett, og så pumpe vatn ned i boreholet med stort trykk. Små sprekkar i fjellet vil då opne seg. Ein vil òg få nye sprekkar. Dette gjev meir tilsig og større kapasitet/vassmengde i brønnen. Ein del av boringa vår skjer langt frå bilveg. Desse brønnene kan ein sprenge med vanlig dynamitt, firmaet har ansatte med sprengningssertifikat til å gjere dette . Me utfører og trykking på gamle brønnar som gjev for lite vatn.